mandag 2. mars 2015

Knute på vimpelen 2

Nei, eg hadde ikkje trudd eg skulle lage ein oppfølgar til dette tidlegare innlegget, men overraskingar bør ein unne seg no og då. Særleg bør ein det, om ein har funne sjølve løysinga på knute-på-vimpelen-problemet.

Tatatataa!
Løysinga er faktisk å kjøpe ein vimpel som ikkje er like fin som den som slær knute på seg, ein butt ein. Altså ein som ikkje har ein slentrande, vill tupp ytst, som sprellar i vinden til den tilfeldigvis hamnar i ein knute, og vinden strammar godt til. Verkeleg godt til! Og igjen og igjen, om ein ikkje er der og knyt den opp, det vart både doble knutar og doble dobbeltknutar, trippelknutar med enkle tillegg i alle variantar hos oss i stormfulle tider.
Når vimpelen blir slitt, blir det berre verre og verre, og når ein må bruke tenner og negler for å knyte opp dette, blir den, ikkje uventa, sliten.
Men det er no over eit halvt år og massevis av vindfulle netter sidan vi kjøpte ein butt vimpel, og sjølv om den er litt mindre vakker, så har den nok allereie spart meg for fleire minutt med knuteoppknytting. Og når den kjem frå ein ordentleg flaggfabrikk, så held den seg betre, også. Men den måtte likevel syast litt i tuppen etter dei harde vinterstormane, så heilt perfekt er det no ikkje. No gler vi oss til våren, for då er det så mange flaggdagar!



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar