fredag 5. desember 2014

Nissehuer til lure små nissar

Denne enkle, strikka nissehua på tjukke pinnar kan ein starte på kvelden før nissefesten i barnehagen, og like fullt kle nisseungen fin og raud i dagen etter!

Kortnissehue til nissefesten

Denne hua vart strikka til ein nisse på 1,5 år, og passa like fint året etter. 

Du treng:
5 strømpepinnar 5,5. 
Litt over eit nøste (dvs to nøster) tjukt raudt garn, til dømes Alaska, eller anna garn som passar til pinne 5-6. Det går sannsynlegvis fint å bruke to tynne trådar som skal strikkast på pinne 3, til dømes tynn alpakka. 

Framgangsmåte:
Legg opp 72 masker laust på pinnane, fordel likt over fire pinnar. 

(Trikset med å legge opp laust er ikkje å legge opp på to pinnar saman, slik eg alltid har trudd, men å ha avstand mellom maskene ein legg opp. Om ein legg opp på to pinnar, er det feil tråd som blir lausare, og det hjelper ikkje det spøtt, dessverre.)

Strikk ein kort (eventuelt lengre) enkel ribbekant, kan vere ein rett og ein vrang, to rette og to vrange eller her, to rette, to vrange første runde, og deretter forskyving av dei rette maskene ein til venstre annankvar runde. Dette blir ein litt mindre kvass kant. 

Start på glattstrikkinga rundt og rundt og rundt. Etter 6 omgangar skal det takast inn ved å strikke glattstrikk 16 masker og deretter maske 17 og 18 saman. Dette tek ein opp att 3 gonger, og det blir totalt 4 fellingar på denne omgangen. 

Glattstrikk 4 omgangar til (eventuelt strikk 6 omgangar og få ei litt lengre hue), og fell på nytt, denne gongen ved å strikke 15 masker glatt og deretter maske 16 og 17 saman. 

Og slik går det rundt og rundt. Litt treigt i starten, men så raskare og raskare jo nærare toppen ein kjem. Etter ni fellingar, start med å berre strikke 3 glattstrikksrundar før neste felling. Etter tre fellingar med tre glattstrikkomgangar mellom, gå over til 2 rundar for dei 4 neste fellingane, og deretter kvar andre runde. Når det berre er åtte masker att på pinnane, trekkast tråden gjennom alle maskene og snørast saman til ein spiss.

Lag ein enkel liten dusk ved å vikle litt av restetråden rundt og rundt eit eller anna, til dømes rundt tommelen og peikefingeren på den eine handa, og deretter knyte stramt saman midt på med ein annan trådende. Dusken festast godt i tråden frå strikkinga. På denne hua er det også knytta eit lite band rundt overgangen mellom dusk og hue, og det går også an å knyte fast ei lita bjelle som ringlar fint når nissen spring rundt (men sånne småting som kan puttast i små munnar, må festast ekstra nøye!)

Fest trådane, og nissehua er klar!


Ein annan type hue er den nålebundne, som blir tjukkare og står rett opp av seg sjølv. Den er det vanskeleg å oppgje oppskrift på, med nålebinding bør ein ha den ein skal nålebinde til like ved, slik at ein kan formbinde direkte og tilpasse etter kvart, iallefall når ein skal sette saman den første runden og halde fram med stadige spiralar oppover topphua. Nålebinding står det meir om på denne bloggsida.

Nålebinding er meir tidkrevande, gir tjukkare og mindre elastisk hue, men den blir jo den flottaste og mest spesielle nissehua i barnehagen, då... Liten fugl har også ei nålebunden hue, ei langhue, som det tok all verdas tid og veldig mykje ull for å lage. Hua vart påbegynt like etter jul og ferdig etter påske, og den gongen var det ingen som forstyrra nålebindinga! Men det er mykje godt ein kan vente på, og vi veit jo kor lenge jula varer...





2 kommentarer:

  1. Åh, for eit strålande innlegg i desse dagar! Tusen takk for både oppskrift, tips - og pågangsmot; det ligg no ei halvferdig nissehuve og ventar på fullføring før Nissefesten i barnehagen på fredag. Eg har fundert noko på kvar dei andre nissehuvene våre er - me har to-tre suboptimale eksemplar, men er dei her, eller der, eller ein heilt annan stad, nei sjå det veit eg ei. Så me "heiv oss roint", to smånissar og ei stor køyrde innom ein garnbutikk på veg heim frå byen i går, og tre nøste vikinggarn vart med heim (beste alternativ til alaska. Rein ull, kjennest mjukt, tilrådd pinnestorleik 8, eg spitar på pinne 6). Eg greier det ikkje på ein kveld, men på tre kanskje? Og det er akkurat tidsnok før den store festen. Så igjen --takk!

    SvarSlett
  2. Så fint at innlegget vart eit lite dytt for å hiv sæ roinnt, etter kvart har eg blitt veldig glad i den måten å gjere ting på. Då får ein overført impulsiviteten til gjennomføringsenergi, og det går så mykje fortare! Håpar huene til nissane dine blir fine! Med litt tjukkare garn kan du nok få litt betre hald, kan vere fint at den ikkje dinglar så mykje. Frå mi eiga erfaring som nisse, har eg kome til at korthuer er mest praktisk. Langhuer blir fort litt baktunge, og kan dette av i nedoverbakkane 😉 God nissefest!

    SvarSlett