onsdag 27. august 2014

Katten

Dei er fine motiv, kattane. Det skal dei ha. Elles er no hundar best, spør du meg. Ein veit kvar ein har dei. Men katten er nok den váraste i garden, hundane er eit anna slag. Når eg tenkjer på det, er det mest som fugleungen og minstefuglen. Fugleungen er så tydeleg ein hundetype, (ja! Ut på tur! Eg vil ha litt mat! Og ula ein utløyser utover heile fuglehaugen når ting ikkje går som dei skal...) medan minstefuglen enn så lenge er ein mjuk kattunge, som ligg og høyrer på lydane og ser enno litt dårleg på lang sikt. Og han ventar, og mæl når ein kjem smilande til han. Så mjuk og god å halde! 

Men ikkje misforstå, dei er enno ikkje som hund og katt, dei to små, i tydinga full kamp om plass og rang. Det tek vel eit par år, det. 

 
Katten sit
i tunet
når du kjem.
Snakk litt med katten.
Det er han som er varast i garden.
 
 (Katten, Olav H. Hauge)


Velkommen igjen til tøybleiene


Liten fugl tok i november 2013 farvel til tøybleiene, men no er dei attende!

Dei erfaringane vi fekk første gongen dei vart brukt, på fugleungen, var at stumpen vart mykje mindre sår og raud, vaskemaskina går stadig vekk med gulpeklutar og tøybleier, bleiene blir mykje meir klumpete, og ein må gå opp ein storleik i kle. Den posete buksestilen er veldig grei for tøybleierumper.
Det blir ein semi-tøybleierunde denne gongen, kjenner eg på meg, det kan fort vere at det vert brukt nokre papirbleier, spesielt dersom vi skal avgarde på noko og ikkje kan skifte ubegrensa ofte og raskt.

Dei aller minste kan bruke dei litt store og klumpete brettebleiene. Eg brettar sommarfuglbretting, det går raskt og er litt artig når ein kjem godt i gang med mange bleier etter ferdig tørk. denne brettinga blir også ganske glatt bak, slik at babyen ligg godt, og meir klumpete framme, "der gutter trenger det mest".
Med tøy på stumpen: Brettemetode: Sommerfugl/drage

Seinare skal vi nok over på lommebleier som vi har arva, det er hakket meir funksjonelt og betre å bevege seg i. For det er det, at minstefuglen ikkje får sprella så greit, som eventuelt vil dytte oss bort frå tøybleiene denne gongen. Men det har alltid vore slik at etter ein pause frå tøybleiene, kjem vi alltid attende... 
Tøybleie, med snappi-lukking som held alt godt på plass. Rispapiret stikk fram ved høgre lår, det skal samle opp det verste og vere enkelt å kaste.
Ullbukse-sperrelag. Heimestrikka av ull og mønster frå Leine merino. Dette er i grunnen den beste bleiebukseoppskrifta eg har prøvd, det finst eit utal variantar.

Vesle klumpen, minstefuglen, er no klar for å sjarmere verda ei lita stund, før han sloknar igjen.

Forsøksprosjekt med pil 2

Det er ikkje alt som lykkast så godt, men vi har god tid her i reiret, her vil vi gjerne bu så lenge det er mogleg. Det vart planta ein pilehekk i sirkel tidleg på våren, så snart jorda vart teneleg, ettersom piletreet ved nabohuset hadde fått ein knekk i desemberstormen i fjor.
Ulike variantar av pilestiklingar vart tekne.
I desember, då greinene knakk, tok eg nokre inn for gåsungane si skuld til pynt, og det vart straks rikeleg med kvite røter i vasen. Difor vart dei planta inne i jord i potte, men lyset vart for knapt i den snølause vinteren, og dei levde ikkje over.
Samstundes, midtvinters, tok eg nokre rikeleg store greiner og pakka dei i plast og la på bualoftet. Desse sette eg då det vart vår i vatn i ei stor bøtte, og det kom langt om lenge røter og grøne lansettblad også på desse. Dei vart planta i jord med litt iblanda kompost i juni, etter å ha stått i vatn sidan mai. Det er dei som synest på biletet. Dei er planta som ein slags levegg mot kommande byggeprosjekt på nabotomta. Det har kome fine, nye kvistar på nesten alle, og håpet er at det også vil komme rotskot slik at dette kan bli ein fyldig og frodig hekk til slutt. Det er på nordvestsida av leveggen frakta inn noko kaprifol frå fuglehytta, ettersom det går gjetord om at lukta av kaprifolen der gir sommarstemning i einkvar kveld han blomstrar, om det er aldri så regnfullt. Det vart ikkje fullt så vellukka det heller, men det ser ut som iallefall eit skot vil overleve av dei mange som vart frakta inn i sommar.
Den kommaforma formasjonen med pilefletting frå eit tidlegare blogginnlegg i vår, vart ikkje så vellukka. Der sette eg kvistar utan røting i vatn på førehand, i laus jord med litt kompost. Det er enkelte, kanskje 7%, som har fått blad og ser levande ut, resten er eit framleis eit fletta pilegjerde, men utan det grøne det var ønska det skulle hatt. Litt pluss og litt minus, når eg no sit og tenkjer på det, kan jo dette pilegjerdet støtte eitkvart anna som vil vekse oppover, erteblomar eller blomkarse eller kaprifol eller villvin, vi ser til våren igjen kva det vil bli! Eller kanskje vi berre klipper det ned og spelar krokket over heile plenen.

Det har nemleg vore planeringsarbeid i bakhagen, der kommaformasjonen og leveggen står, med gravemaskin og hardt manuelt arbeid med mange tonn jord. Høggravide liten fugl slapp lett unna det meste, fugleungen assisterte entusiastisk og fekk endogtil køyre gravemaskina littegranne. Det er ikkje dårleg! Ho er dessutan eit lite arbeidsjern når det kjem til å strø jord utover, både inne og ute, det kom verkeleg til sin rett her. Å ikkje trakke på nysådd gras var derimot ei større utfordring, men no er forbodet mot å trø i graset oppheva, sjølv om ikkje plenen er perfekt, er den iallefall grøn frå enkelte vinklar. Denne flekken kjem til å bli ein yndlingsplass, det er eg sikker på, det er meir sol her enn eg trudde, og blir til dels veldig varmt. Ein tradisjon i fugleslekta er å ha sitteplassar overalt, i kvar moglege krå, for å ha ein stad med livd for einkvar vindretning. Det sprett difor fram benkar og hengekøyer her og der, slik at alle minutt med sommar kan nytast. Det tek til å haste.


torsdag 21. august 2014

Fivreldag



Det er fivreldagar, sommarfuglane flagrar rundt her i solsikkerekka i den gamle kjøkkenhagen. Nokre er livlige og viltre, vil knapt sitte i ro eit sekund, men denne vakre, mørke sommarfuglen ville gjerne kvile og stille seg opp til fotografering. Det har lenge vore eit ønske for liten fugl å få eit godt sommarfuglbilete, og endeleg, etter alle desse forsøka, endeleg ein som ville vere med på leiken. Kom gjerne att, så mange fivrel som vil, så har vi alltids ein blom til overs!



Admiralsommarfugl
Det sviv både kålsommarfuglar og admiralsommarfuglar og aurorasommarfuglar rundt her, men dei har så langt berre vorte fotografert med netthinneframkalling.

For ein herleg sommar dette har vore! Eg skal kanskje tilgje kålsommarfuglen å ete opp kålblada til neper og reddikar, om dei kjem og flaksar forbi, særleg dersom dei let seg avbilde med kameraet...
To kålsommarfuglar

onsdag 20. august 2014

Eplekake - vegen til ein manns hjarte


Eg var svært skuffa då eg forsto at min dåverande kjærast ikkje likte gjærbakst noko særleg. Det var først ved eplekakene vi tok til å forstå kvarandre...

Ein gong kjøpte eg denne framifrå boka til han, med eit enno meir oppsiktsvekkjande løfte; å la han prøvesmake på alle eplekakeoppskriftene i boka. Det har vore ei lang reise, over mange eplehaustar.
 
No er ho fullendt, ved kvar einaste av oppskriftene har eg signert dato og kva orsak det var til kakebakinga: heim frå jobbreise til Portugal, besøk av vener, laga i fellesskap med familien, og det er kjekt å sjå på i ettertid. Dei oppskriftene som viste seg å vere spesielt bra, har fått ein liten merknad om det, og det einaste eg kunne tenkt meg å gjere annleis, ville vore å skrive litt meir detaljar om korleis det gjekk.

Oppskriftsbøker er artig, men enno meir interessant har det etter kvart blitt å ikkje følgje oppskriftene, men slumpe litt og lukte seg fram til korleis neste rett skal bli. Og om ein ikkje skriv ned kva ein brukte, må ein gjere det same også neste gong, med sannsyn for at det kan bli like interressant, eller fullstendig mislukka.
Eplekaker er skjeldan mislukka, om dei er varme og inneheld gode, norske eple, kan det nesten ikkje bli feil. Og varme eplekaker kan verkeleg samle ein familie!

Eplekake med valnøttmarengs og ekstra bonus: fyldig sjokoladetrekk
(Eg vil forresten tipse om ein artig blogg, fbtb.blogg.no, som også strebar etter å følgje alle oppskriftene i ei kokebok, Frå bollar til burritos, som mine søsken fekk tildelt på barneskulen med grunnleggjande oppskrifter på alt mogleg etande. Bloggen inneheld artige skildringar av ein nykommar på kjøkkenet sine oppskriftserfaringar, ein mann som verkeleg har godt av, og truleg også glede over, å bli litt betre kjend i eigne kjøkkenskuffer.)

søndag 10. august 2014

Rippeti tippeti rips, saft og sylte

Det bugnar der ute i den gamle ripshagen! Og det går ikkje å la fuglane utanfor få alt dette. Det strid mot min sankarnatur å la slikt stå urørt. 

Vi likar så godt ripssaft her i reiret, både rå og kokt, og ripsgelé har fuglemamma alltid laga heime, rørte rips er så godt på den der ripskaka med kokosmarengs og gul krem, og berre rips med vaniljesaus eller sukker og fløyte er super, syrleg sommardessert. Men det går absolutt an å få nok (eller for mykje), og eg må nok avgrense meg i iveren over å finne så mykje bær på så gamle og ustelte ripsbusker. 

Men litt skal eg sikre til kaldare dagar, litt kokt saft, litt rå saft, litt rørte rips og eit forsøk på noko gelé, eg samlar jo heile året på passande småglas til det. Klok av skade har eg laga småprosjonar. Ein gong klarte eg å få villgjæring i ti liter silt blåbærsaft ( dét er mange bær!), som førte til at det heile måtte tømmast i sjøen. Villgjær er det visst ikkje noko å gjere med, det går det visst ikkje å gjære vidare på heller.

Rå ripssaft
2 kg rips
0,5 l vatn
2 skylte eller skrelte sitronar
1 pose sitronsyre
Om lag 0,5 kg sukker per liter oppmålt saft
Skyl bær med kaldt vatn. Mos bær i kjøkkenmaskin eller med ein potetmosar. Tilset sitronar i skiver eller/og sitronsyre (for haldbarheit), og la dette stå kaldt eit døgn for å safte seg. Deretter silast safta med tyngdekraft, ikkje rør eller press massen gjennom sila. Det går an å sile gjennom eit dørslag før den silast i tøysila, då blir det mindre masse og litt raskare silt. Tilset sukker, rør godt og fyll på frysbare behaldarar. Bør frysast straks.

Kokt ripssaft 
2 kg rips
0,5 l vatn

Om lag 0,5 kg sukker per liter saft etter siling

Kok opp skylte rips med litt vatn, kok i femten minutt til bæra sprekk. Sil safta, ikkje press bærmassen gjennom sila, det gjer safta urein. La safta gjerne stå og sile ei natt. Mål opp safta, og kok opp. Tilset sukker og rør det inn, set det tilbake på plata og kok i ti minutt. Skum av. Hell på steriliserte flasker, kokte eller varma i omnen.
Eg hadde kokane ripssaft på ei keramikkflaske som kom rett ut frå steikeomnen, og det førte til at safta fosskokte over flaskekanten, og ein del svinn og søl. Litt avkjølte flasker, kanskje?

Rørte rips er lett, mos rips, ha i sukker og frysepulver for å få det tjukkare, fyll i boks og frys.

Geléen får vi kome attende til når eg finn att oppskrifta og eventuelt får tid til å lage det. Råvarene er der iallefall...