lørdag 31. mai 2014

Mauren

Kjære vesle maur,
Du har ein imponerande styrke i deg. Det kan umogleg berre vere fysisk styrke, dette hadde du ikkje klart om det ikkje var fordi du verkeleg trudde på det du heldt på med, snudde ryggen til, tok spenntak med beina og berre tok eit steg om gongen. Du ser på det du har klart å gjennomføre, heller enn det du har att av arbeid.
Målsetninga står for meg noko uklår, men for deg er det nok krystallklårt. Det er berre slik det må vere.

Det er så mange som kunne gjort som deg og kome seg høgare enn det dei klarar, og mange som gjer nett det du gjer og lukkast med meir enn det ein skulle tru.

Eg har truffe mange menneske sidan eg starta å arbeide med kreft for fire år sidan. Nokre av dei er som deg, dei som ikkje bryr seg om kva andre meiner dei bør tenke. Fleire av dei lever ikkje lenger, men dei hadde levd mykje kortare om dei ikkje hadde hatt di innstilling til å bite tennene hardt saman og halde fram. Ein må halde fram om ein enn har tung bør å bære. Det finst styrke å hente fram! Du har sannsynlegvis meir i deg enn du trur, men du må klare å finne fram til måten å bruke det på sjølv.

Samme kor få som faktisk trur på deg, så er det ingenting som er heilt umogleg for den som verkeleg vil.

Hald ut! Stå på! Ikkje gje deg!




lørdag 17. mai 2014

Den 17. mai

Stakkars fugleungen.
Jaudå, ho fekk ete is i dag. Det var omtrent det einaste ho klarte å ete, etter å ha fått eit djupt kutt av sine eigne små tenner ned i tunga etter eit fall i barnehagen, og samstundes ha gryande hoste, feber og mangle all den fløymande indre energien ho til vanleg auser av i overflod.

Og som ho hadde gleda seg til flagg, hurra-hurra og å få ha på seg bunaden... vel, ho fekk vere med å heise flagget i flaggstanga. Ho bar den vesle flaggborga si og leia taktfast toget med tre-fire deltakarar som gjekk frå flaggstanga, under sklia og inn i huset igjen. Ho fekk teke på seg bunaden med alt det spennande dingeldangelet hengande rundtom. Så sovna ho på bussen på veg til byen og dei ordentlege toga der. Eg tvilar på om ho fekk høyrt noko som helst korpsmusikk i dag, då ho sov gjennom sjølv dei heftigaste trommevirvlane og tubatonane. Ho fekk også vere med å pynte maikaka, som også i år var ei fransk jordbærkake, men bæra til pynten var litt sure for såret i munnen enno. Marsipanlokket som var tiltenkt denne kaka klarte ho derimot enkelt og effektivt å dele i småbitar (det var gøy, mamma), og gjorde slik sett komposten ei teneste.

Det var ein merkeleg nasjonaldag.
Det er nok like mykje eit vonbrot for den som veit kor godt ho ville likt denne dagen om ting hadde vore annleis. Og kva veit ein vel å dømme om det? Det ein ikkje veit, har ein ikkje særleg vondt av... Og det å få vere nær saman med familien er vel trass alt det viktige, også på denne dagen, og det var eit retteleg fang-barn vi hadde i dag, koseleg som det kan vere på sin litt triste måte.

Dessutan kjem denne datoen i mai heldigvis att neste år også, og sannsynet er stort for at det vil bli ein betre dag enn denne vart. Håpar dei fleste har hatt ei fin 17. mai-feiring!

søndag 11. mai 2014

Forsøksprosjekt med pil



Piletreet som står i nabohagen har hatt ein tøff vinter, med mykje vind og uvanlege vindretningar. Den gamle pila knakk nokre store greiner, og den noko uvanlege forma på treet gjorde at dei nye eigarane av huset ved sida av gjorde eit kraftig innhogg i mengda pil dei ville ha veksande på tomta. Bra for meg! Eg fekk ta så mykje av restane eg kunne tenke meg, og det er litt av ei gåve. Eg har lenge sett og teke bilete av desse supermjuke og lodne små gåsungane, og lurt på om eg skulle tore å spørje om å få ein stikling.
Etter å ha forsøkt å spørje folk som veit mykje om pil, og også søkt litt på nettet, kan det sjå ut som dette er ei doggpil. Og uansett kva han heiter (for det er eit han-tre), så er det ein vakker vekst som eg gjerne kunne tenke meg å ha i hagen min.

Eg gjorde eit forsøk også i vinter, etter ein stor desemberstorm som feia ned ei kraftig grein. Eigentleg var det berre for å pynte inne med gåsungane i vase, og det vart sjølvsagt fint, det, men dei slo så lett rot inne i vasen at eg ikkje hadde hjarte til å late vere å forsøke å plante dei i jord. Det vart sjølvsagt heilt feil lys og varme for stakkars pilekvistar, å bli rota i desember, og forsøket endte i kompostbingen til slutt. Men det må vel gå an å få røtter på slike kvistar? Det mest vanskelege så langt, har vore å ikkje grave i jorda rundt kvistane for å sjå korleis det går nedi der...

No har pilekvistane låge og kvila ei stund, har fått vatn og blitt utvalt slik at dei sprekaste kvistane er med vidare i konkurransen om å få dette genmaterialet til å overleve, og i beste fall bli noko brukbart.

Det er lett å drøyme om ei tett hytte av pilekvistar med overskot av sideskot til å flette kransar og korger av. Men om det ikkje skulle gå så godt, så har eg iallfall hatt ei morosam stund, og kan prøve på nytt med dyrare materiale ein gong seinare.



Jaja, det vart ikkje eit regelbunde flettemønster av lange pilekvistar, dette, men det viktigaste var å gjere eit forsøk. Med dei fine blomane ser det mest litt diademaktig ut...

Kanskje dette blir fugleungen sin gøymeplass om nokre år? Eller vil det berre bli tørre kvistar att seinare i år? Kanskje skjora kjem til å ta opp att alle kvistane, dei er godt i gang med reirbygginga, og nappar stadig opp det eg freistar å sette nedi. Dei har nemleg blitt fråteke sitt gamle reirtre på ei anna nabotomt, som det dessverre fins overveldande byggeplanar for. Vi får fokusere meir og meir på skogen på baksida, der dette pileforsøket varsamt skrid fram.

Og det blir vår i hagen no etter kvart!

mandag 5. mai 2014

Sein vinter

I år er vinteren verkeleg sein. Den starta i april, vart avbroten av ein liten sommar rundt fugleungen sin fødselsdag, som var eit svært vellukka sommarselskap utandørs med grilling, iskrem og kortbukser, for deretter å sveipe rett attende i snøkav.

Æ gla' i 'nø, seier fugleungen når vi vaknar om morgonen og med kvart vårt overraska andletsuttrykk ser ut på dei fallande fillene, hennar i entusiasme, mitt i vonbrot. Eg har planta både det eine og det andre, og treng nokre milde dagar no, gjerne med regn, men i det minste helst utan frost.
På grunn av denne forlenga snøsesongen har fuglane utanfor fått fôr ekstra lenge, og då eg etter kvart fekk vaska vindauga på utsida, vart det mogleg å fotografere nokre av dei også.
Hinkande og hoppande rundt på ein fot. Klarte aldri å vere heilt sikker på namnet, men skada såg ho ut til å vere.
Grønnfinken var relativt bisk på brettet, og ønska ikkje å dele solsikkefrø og jordnøtter med dei mange fleire gråsisikane.
Flaggspetten lokkast fram med litt eplerestar og jordnøtter i fuglehuset.

"Ekorn ser på gravemaskin!" ropte fugleungen ein dag ved middagsbordet. Fuglefamilien sat ved det store vindauget og åt, og hadde god utsikt til fuglehuset og rekkverket der ekorna ofte
sit og kikar vidare utover etter så ymse, og tydelegvis også etter gravemaskiner. Fugleungen likar både ekorn og gravemaskiner, og med mykje planlagt utbygging kring tomta vår, blir det nok fleire gravemaskiner og mindre ekorn ein periode.


Vi har hengt opp ekornkasser på motsett side, på skogsida, slik at det ikkje skal stå på tilgjengelege husvere. Kassane er motorsaga ut av ein relativt lite bearbeida granstamme, og hengt opp i eit grantre. Det har ført til at flaggspetten fatta interesse, og har fleire gonger blitt teken i å hakke laus på ekornkassa, med ein forbløffande fin og hul hakkelyd.
Kassen har to inngangar, som ekorn gjerne vil ha, men det ser så langt ikkje ut til å ha flytta nokon inn. Kanskje Helnøtt eller Fruktnøtt får nokre ungar som vil flytte inn der? Det har vore mykje ekornkamp i grantrea rundtom i vinter, så hormonane brusar i tretoppane.


Nømannen Talle som knapt fekk behalde tennene sine før dei ein etter ein smelta ut av munnen på han. Måtte det komme betre vintrar for snømenn og snøfuglar seinare!