søndag 23. mars 2014

Andre bollar

Andre bollar skal det bli! Denne oppskrifta på skillingsbollar, kanelsnurrar, kanel-i-svingane, kanelknytter eller kva ein no vil kalle dei, har Liten fugl klart å hale ut av kantinedama på den vidaregåande skulen ho ein gong gjekk på. Det er difor vidaregåande skillingsbollar, og dei gir eit luftig resultat som held seg godt i frysaren til eit passeleg høve.

Vi går i gang.

Fugleungen elskar å grise med deig, og tek godt føre seg av deigmassen undervegs. Ho startar allereie med tørrgjæren i mjølet, det smakar himmelsk og grisar så fantastisk utover andlet, klede og kjøkken. Det har berre fordelar. Det får også litt ekstra futt i Liten fugl, som kan bli litt småstressa over å måtte være så rask med å få mjølet jobba inn i væska og festa til sjølve deigmassen.

Vidaregåande skillingsbollar

(veldig stor oppskrift)
200 g melange
2 l mjølk (gjerne skumma)
5,2 l kveitemjøl
4 pakkar tørrgjær
7 dl sukker
2 ts kardemomme

Smør, sukker og kanel

Lag som vanleg gjærdeig. Smelt smøret og hell i mjølka til det blir lunka og kroppsvarmt. Tørrgjær, sukker, kardemomme og ein del mjøl blandast lett i ein stor bakebolle.
Deretter slåast mjølkesmøret over, og det supplerast med så mykje mjøl som trengs for å halde deigen frå veggane i bakebollen.
Hevast til dobbel storleik, og kan med fordel slåast ned ein gong for å heve til dobbel storleik ein gong til. Deigen delast opp, kjevlast flat og bortimot kvadratisk og tynn. Så treng ein smør, sukker og mykje kanel til utbakinga, som smørast og strøast over det heile. Om ein rullar snurrane, er det ein fordel med mange svingar for mest mogleg smak. Om ein lagar knytter, faldast ytterkantane på den smurte deigen inn mot midten frå begge sider slik at deigen er eit tredobbelt lag med alt fyll inni, og det skjerast tynne strimlar som snurrast opp og knyttast saman. Begge deler er artig!
Etterheving er også viktig å ta seg tid til, det bør vere mogleg å sjå at bollane har blitt større i løpet av 40 minutt. Før steikinga penslast dei med egg (det er favorittdelen av bakinga for fugleungen, male bolle!) og strøast med hakka mandlar, andre nøtter eller ingenting.
Steikast på 220 grader til dei er gyldne på over- og undersida, om lag 10 minutt.
Bollane kan pyntast med melisglasur etter steiking og avkjøling.

Synest du oppskrifta høyrest stor ut? Det er ho. Gigantisk. Men då er frysaren full for ei stund. Elles går det til dømes an å dele på 4, og få ei handterleg mengde med arbeid. Det går nesten an å drukne i bollar på eit kjøkken dersom ein lagar heile oppskrifta.


Du fugl
(Rolf Jacobsen)

Du fugl i meg
- jeg kjenner vingen din.
Jeg kjenner nebbet hakke hakke
Mot sprinklene i brystet mitt. Jeg vet
du er en fange her.
Men vent
en liten stund.
Bare en liten stund,
så er du fri,
du fugl i meg. 

Dette diktet tyder noko heilt anna for meg i dag enn det truleg har gjort for Rolf Jacobsen. Eg tenkjer på sparking og vengeslag frå ein liten fugl som held meg vaken i tidlege morgonar, ei utolmodig glede, stadig trening av musklar i ein liten kropp inni min.

Det er altså tid for nye bollar i omnen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar