lørdag 29. mars 2014

Papirklipp med sol og bjørkesprett

Lukka er kort!
Og lukkeleg er dei som ventar på noko godt som skal kome, våren, bjørka som sprett, små liv som skal til å starte, rolegare dagar på jobben, å bli frisk igjen, sol, snø, mat når ein er svolten, ein klem når ein er sliten.
Eg synes ein skulle sende fleire kort. Berre jul er ikkje nok, ein burde sende kort til mange stunder, og heise flagget ved utvalde høve. Hadde det berre vore rikeleg med tid til å lage korta...

Papirsklip (Kim Larsen)
Når nu min verden bliver kold og forlat
finner jeg trøst i min kæreste skat
Klipper motiver med drømme og sags
Papirsilhuetter av den fineste slags

Her er et av min far og min mor
de som gav mig til denne jord
kærlige kys og en duft av jasmin
alltid solskin du sødeste min

Livet er langt
lykken er kort
salig er den der tør give den bort
Hm-m-m-hm-hm-hm-hm-m-hm-m-m

Fugleungen er glad i forming. Ho er ein meister til å male viltre og raske bilete, og lime ulike ting effektivt fast til andre ting. Sjølve klippinga er litt vanskeleg å få fingrane med på, men det hastar ikkje. Det ville vere slik ein kort veg fram til der veldig mange ting blir klipte i småbitar, om ho verkeleg fekk dreisen på den teknikken.
Men å velge fargar og lage kort, det var artig for to små fuglar. Fugleungen laga eit solkort, og ho har lyst til å sende det til seg sjølv, trass mange framlegg om alternative mottakarar. Det er fint å vere nøgd med det ein har laga!

søndag 23. mars 2014

Andre bollar

Andre bollar skal det bli! Denne oppskrifta på skillingsbollar, kanelsnurrar, kanel-i-svingane, kanelknytter eller kva ein no vil kalle dei, har Liten fugl klart å hale ut av kantinedama på den vidaregåande skulen ho ein gong gjekk på. Det er difor vidaregåande skillingsbollar, og dei gir eit luftig resultat som held seg godt i frysaren til eit passeleg høve.

Vi går i gang.

Fugleungen elskar å grise med deig, og tek godt føre seg av deigmassen undervegs. Ho startar allereie med tørrgjæren i mjølet, det smakar himmelsk og grisar så fantastisk utover andlet, klede og kjøkken. Det har berre fordelar. Det får også litt ekstra futt i Liten fugl, som kan bli litt småstressa over å måtte være så rask med å få mjølet jobba inn i væska og festa til sjølve deigmassen.

Vidaregåande skillingsbollar

(veldig stor oppskrift)
200 g melange
2 l mjølk (gjerne skumma)
5,2 l kveitemjøl
4 pakkar tørrgjær
7 dl sukker
2 ts kardemomme

Smør, sukker og kanel

Lag som vanleg gjærdeig. Smelt smøret og hell i mjølka til det blir lunka og kroppsvarmt. Tørrgjær, sukker, kardemomme og ein del mjøl blandast lett i ein stor bakebolle.
Deretter slåast mjølkesmøret over, og det supplerast med så mykje mjøl som trengs for å halde deigen frå veggane i bakebollen.
Hevast til dobbel storleik, og kan med fordel slåast ned ein gong for å heve til dobbel storleik ein gong til. Deigen delast opp, kjevlast flat og bortimot kvadratisk og tynn. Så treng ein smør, sukker og mykje kanel til utbakinga, som smørast og strøast over det heile. Om ein rullar snurrane, er det ein fordel med mange svingar for mest mogleg smak. Om ein lagar knytter, faldast ytterkantane på den smurte deigen inn mot midten frå begge sider slik at deigen er eit tredobbelt lag med alt fyll inni, og det skjerast tynne strimlar som snurrast opp og knyttast saman. Begge deler er artig!
Etterheving er også viktig å ta seg tid til, det bør vere mogleg å sjå at bollane har blitt større i løpet av 40 minutt. Før steikinga penslast dei med egg (det er favorittdelen av bakinga for fugleungen, male bolle!) og strøast med hakka mandlar, andre nøtter eller ingenting.
Steikast på 220 grader til dei er gyldne på over- og undersida, om lag 10 minutt.
Bollane kan pyntast med melisglasur etter steiking og avkjøling.

Synest du oppskrifta høyrest stor ut? Det er ho. Gigantisk. Men då er frysaren full for ei stund. Elles går det til dømes an å dele på 4, og få ei handterleg mengde med arbeid. Det går nesten an å drukne i bollar på eit kjøkken dersom ein lagar heile oppskrifta.


Du fugl
(Rolf Jacobsen)

Du fugl i meg
- jeg kjenner vingen din.
Jeg kjenner nebbet hakke hakke
Mot sprinklene i brystet mitt. Jeg vet
du er en fange her.
Men vent
en liten stund.
Bare en liten stund,
så er du fri,
du fugl i meg. 

Dette diktet tyder noko heilt anna for meg i dag enn det truleg har gjort for Rolf Jacobsen. Eg tenkjer på sparking og vengeslag frå ein liten fugl som held meg vaken i tidlege morgonar, ei utolmodig glede, stadig trening av musklar i ein liten kropp inni min.

Det er altså tid for nye bollar i omnen.

fredag 14. mars 2014

Fjør på kvist med bod om vår

Det spirar og gror når berre bjørka får litt varme. Fastelavnsriset har blitt finare enn nokon sinne etter å ha stått inne ei stund, og heldigvis er ingen her i reiret allergiske.Denne bjørkhaugen vi bur på, hadde vore ein trist stad for nokon med pollenallergi...


Det var mange kvistar som gjennom vinterstormane hadde blåse ned frå trea utanfor, og difor vart det raskt knytta saman eit lite pyntereir. Fugleungen synest det er stas å kunne finne kvistar til liten fugl, som så kan brukast til reirbygging.

"Evnen til å bygge reir er programmert i genene til hver enkelt fugl og er derfor felles for alle individer av samme art. Noen arter bygger ikke reir i det hele tatt, f.eks. falker og ugler, andre rasker sammen noen pinner, mens noen bygger rene mesterverk. Unge fugler kan bygge et mer sjuskete reir enn eldre, erfarne fugler, og det tyder på at de finere detaljene først må læres ved å prøve seg frem eller kanskje ved å iaktta erfarne artsfeller.  "

Frå artikkelen "Hvordan vet fuglene hvordan de skal bygge reir?", National Geografic Norge.

Moro med slike fjører - dei kan ein puste oppover i lufta, og dei kitlar så artig mot andletet og halsen! Også kan dei fordelast utover heile stova med berre eit lite rist på posen dei ligg i.