fredag 1. november 2013

Farvel til tøybleiene



Dette innlegget handlar om bleier. Tøybleier. Det omhandlar også, for nokon, ekle og irrelevante ting om avføring og denslags, og sarte sjeler har no mogleiken til å late vere å lese vidare. Småbarnsmødre og andre som synest dette er heilt akseptable tema å diskutere, må gjerne lese vidare :)

Fugleungen starta si bleiekarriære med papirbleier på føden. Nett då var det så mykje å tenke på, så tøybleier vart ikkje eit prioritert område. Men det var heile tida sterke intensjonar om å gå over til gjenbruksbleier etter kvart, og då dei første seks vekene var over, vart det bleievasking heller enn søppelposekasting. Og du kor mykje det hjalp på avfallsmengden! Då vi hadde tøybleier, kompostbinge og var sjølvforsynte med barnemat, var restavfallet sparsomt.
Det var først og fremst miljøhensyn som var orsak til dette valet. Men tru det eller ei, tøybleiene luktar mindre (iallfall medan dei er på) enn kastebleier gjer. Dei gjer stumpen mindre raud, syntest vi. Dessutan vart det ein super tilleggseffekt av at tøybleier skiftast litt oftare enn vanleg: Fugleungen vart van med å ikkje bæsje i bleier, men i do  (eller potte/vask) då vi heldt henne over, og det gjorde til at det i ni månader var veker mellom kvar gong vi skifta skikkeleg skitne bleier... Denne metoden høyrest litt for god ut til å vere sann, men det fungerar dersom ein er flink til å følge opp og tolke signal, og betre dersom barnet har ein viss regelmessigheit i do-rytmen.

Tøybleier er så mangt. Ikkje alle er laga av klutar og pakka i lanolinull. Fugleungen starta med det, og i starten var det greit nok, då skulle ho uansett ligge i ro. Men kleda måtte vere ein storleik større for å få plass til bleia... Så gradvis gjekk fuglefamilien over til bleier som har plastlag ytterst og eit slags fleecefôr inni , eller nokon med plast utanpå og eit innlegg med fleire lag bomull som kneppast på plass (innleggs/kneppebleier).
Det var fint å sjå på rekke på rekke med fargerike bleier. Det var nokre eingongsbleier i bakhand, til bruk om nettene etter mykje drikking på kvelden, eller når fugleungen var magesjuk. Då vart tøybleier for drøyt sjølv for dei som verkeleg var engasjerte...



Skitne bleier vart lagt i ein vasstett tøypose på badet og vaska kvar andre dag. Det fungerte strålande. Bleiene vart plukka frå kvarandre før dei vart lagt i posen, og posen berre vrengt inn i vaskemaskina, slik at den som vaska ikkje trong ta på dei ein gong. Posen vart skylt eller vaska saman med resten. Det låg for å vere på den sikre sida, eit rispapir i bleia for å kunne kaste heile greia i do dersom det skulle bli ein bæsjerunde. Men oftast vart rispapiret berre vaska saman med tøybleiene og brukt på nytt.
Tøybleier fekk vi av snille vener som var ferdige med sine. Nokre vart kjøpt nye, og nokre vart skaffa på byttegrupper på nettet. Det vart ekstra billeg på denne måten.
Vaskemiddel fekk vi på butikken. Ja, det vart mykje vasking, men så fekk ein ofte vaska kvite kle også då... Tørking var stort sett framfor varmepumpa i stova, men også nede i vaskekjellaren.

Tøybleielivet var godt.

Men så.
Fugleungen starta i barnehagen. Det vart forsøkt å få dei til å ta tøybleieprosjektet vidare, men det nekta dei, då det var tidlegare dårlege erfaringar med tøybleier. Det funka ikkje. Ingen unntak. Og sjølvsagt er eit slikt bleietørt prosjekt meiningslaust når ein er i ein travel barnehage med mange som kjemper om merksemda til dei vaksne...

No, når fugleungen er halvanna, blir det papirbleier med miljømerking, og frå tid til anna forsøk på doringen eller halding over potta. Og sjølv om det er skumlare enn før, så er det mogleg for fugleungar å gjere det dei treng i do. Det er kjempespennande, og det er mykje å vinne på å prøve så mykje som mogleg...

Så farvel, tøybleier, og velkomne inn att i varmen ved eit seinare høve!