søndag 27. oktober 2013

Haust i reiret i skogkanten

Det er ein fargerik haust. Det har vore uvanleg mange fine dagar, utedagar der ein kan springe i skogen og leite etter blad som fell, stokkar å sitte på og dei aller, aller siste blåbæra. Det har vore mykje godt vêr å vere ute i, og mange soldagar å nyte. Det var mest som hausten vart som sommaren, og sommaren var jo kald som ein haust. Årsens tider har bytt klede med kvarandre igjen...
Men kva er no dette? Er det ein halvanna år gammal vandal i familien? Etter at fugleungen lærte korleis ein dreg opp gulerøtter, har ingenting stått trygt. Lyngen utanfor inngangsdøra har dagleg vorte kasta omkring, og har følgeleg ikkje fått heilt optimale røtingsvilkår. Her er det sett i nokre erstatingsstrukturar i potta, men inntrykket er noko litt annleis. I dag vart det sett ruteliljer i jorda i denne potta, og fugleungen plasserte lyngen på toppen av desse. Ho var også ein effektiv lauksettar, ho spreidde og blanda laukane ut over bedet på ein augneblink. Det blir ein spennande blanding til våren. Og då får vi verkeleg sjå om det er slik at rådyra ikkje liker dei laukane som er valt ut.
 
Solsikkene vart ståande med hengande hovud langs husveggen i haust. Det var vel på eit tidspunkt ein plan å ta inn nokre av frøa og tørke slik at småfuglane kunne ete dei i vinter. Men kjøttmeisen vart etter kvart for ivrig. Han tok føre seg av solsikkene medan dei hang på blomen enno, og dag for dag kunne ein sjå at det minka på frø. Maten gjekk dit den skulle uansett, så det var no greit nok alt i alt. 

Men nokre blomar heldt seg lenge. Desse vart frøsådd inne i spirekasse, og det tok si tid før dei viste teikn på å ville blomstre. Men fine vart dei til slutt, dei stolte kavalerane i kvitt og rosa.