søndag 22. september 2013

Blomstrande kakepynt

Det er ikkje lett å lage finare pynt enn ekte blomar...
Stemorsblomane har blomstra frå april og til no i krukka utanfor, med ein liten pause midt på sommaren under ferien, då dei vart skorne heilt til jorda (litt for ivrig der, viste det seg). Dei har opplevd snøen tidleg i mai, tropesommaren seint i mai, hausten i juni og juli, dei tørre tidene i august og den solrike hausten så langt i september. For eit halvår!

Det blir ingen oppskrifter denne gongen, berre nok ei lenke til ei tidlegare omtala jordbærkake. Den grøne marsipandekte kaka med valnøttmarengs og sjokoladefyll såg og høyrtest betre ut enn ho smakte, og slike kaker duger rett og slett ikkje.
Fraisier med jordbærplantemønster av sukkerpasta, ein honningdrope i midten og altfor irrgrøn bladfarge.
Fiolfest 
Andre blomar til kakepynt eller salat:
Surkløver (kan eventuelt dyrkast inne i potte heile året om ønskeleg)
Raudkløver
Ringblom (tørka kronblad)
Rynkeroser
Agurkurt (sår seg lett sjølv til neste år, så så den om du verkeleg vil ha den)
Kornblomar (nyplukka eller tørka kronblad)
Lindeblomar
Svarthyll-blomar
Engkarse
Svarthyllblomar
Kornblom får ein nydeleg mørk blåfarge etter tørking og er perfekt pynt på dei elles kjedelege gulerotkakene

onsdag 11. september 2013

Tid for haust

Kvar dag tenkjer liten fugl at no, no er det slutt på bringebærtida. No er det haust, det er mange dagar ut i september. Dette er kanskje det siste bæret vi finn på ei stund. Men fugleungen er mykje meir optimistisk. Og hennar optimisme blir løna med framleis mange raude bær i buskene utanfor reiret vårt. Ein dag var fugleungen heime frå barnehagen for å berre ete bringebær og vere saman med liten fugl. Det var ein fin haustdag. Det blir få slike mogleikar med lange arbeidsdagar, men ein god ting med nattevakter er at ein får noko dagtid ein kan bruke på ting som bringebærleiting og å kjenne på varm haustvind i håret.
Markjordbærprosjektet i år har vore å flytte markjordbærplantane frå ein stad til ein annan i hagen. Det vil truleg bli meir bær der dei står no, for dei heldt på å flytte inn i garasjen med dei lange utforskande avleggjararmane sine. Nokon mengde med bær blir det neppe, men ein kan alltid håpe... Og tenk om markjordbæra etter kvart vart kryssa med jordbærplantane, det kunne blitt interessante smakar.

Det er så mykje å smake på i hausten! Ikkje minst var det spennande å smake på ukokte poteter, kvifor kan ein ikkje like gjerne kvesse hjørnetennene på dei, som på gulerøtter?
Mistanken om at fugleungen ikkje burde orienterast for tidleg kor artig det er å ta opp gulerøtter, viste seg å vere rimeleg. Då ho skjøna at gulerøtter hang i den andre enden av dette graset som stakk opp i kjøkkenhagen, vart heile hennar 83 centimeter med entusiasme sett inn. Tenk gulerøtter som er så godt! Og så kan ein berre plukke dei ut av jorda! Og når alle er tekne opp og lagt i ei korg, er det berre å gje dei attende til liten fugl, så kan ho sette dei attende ned i jorda, så tek fugleungen dei opp ein gong til!
Dessutan, viss ein leitar litt i jorda bortanfor, så dukkar det poteter fram, store og små, som kan leggast i ein haug, flyttast til ein ny haug, og leggast i ei korg til slutt.
Fugleungen har dessutan renska skogen bak reiret for blåbær og markjordbær no, og held på og forskar på om bæra i hekken og rognebær er noko aktuelt alternativ. Naturlegvis har ingen demonstrert sopplukking enno, den løyndomen held vi godt på. Det hender vi dristar oss til å plukke ein ekstra fin steinsopp eller piggsopp dersom ho har sovna i bæremeisen. For med alle dei ulike giftige soppartane vi har i skogen her, er det best å vere varsam. Men med tida blir ho nok aktivt med på leiting etter gyldne skattar i skogbotnen...

Gulerøttene kom i mange fasongar i år også.  To av dei nekta å sleppe taket i kvarandre, mest som eit dansande par, tett omslyngande kvarandre, men likevel mogleg å skilje. Det er alltid spennande å sjå korleis det har vakse der nede i jorda. Dessverre var det litt gulrotfluge i avlinga i år, og det kom også noko uspesifiserte greier på potetene. Då er det nok best å skifte vekstplass til neste år, samt å skaffe ein litt varmare sommar. Ny vekstplass er nok uansett ein god idé, ettersom kjøkkenhagen fekk litt i minste laget lys der han låg.
Men alt i alt, resultatet vart ikkje så ille, for middagen ein dag var heimelaga kjøtkaker med timian og soltørka tomat, brun saus med urter, poteter og gulerøtter frå hagen, sopp frå skogen og blomkål frå butikken. Det smakte sjølvsagt strålande godt, som sola som framleis varmar i dei lune haustdagane utanfor her.
Hurra for hausten!





søndag 1. september 2013

Dei beste pannekakene i verda


Det har i lang tid vore ein løyndom korleis far til liten fugl har klart å lage dei beste pannekakene i verda. Og sjølv om ein liten fugl gjerne kviskrar løyndomar vidare, blir det nok dessverre skuffande denne gongen. For sjølv om oppskrifta har blitt overlevert, sjølv om det har vore spionar på kjøkkenet i mange år, og sjølv om liten fugl har prøvd etter beste evne, så er det heilt umogleg å lage like gode pannekaker som det liten fuglefar klarar. Det er berre å beklage!

Men oppskrifta, om ein likevel vil prøve seg, er denne:

5 egg
1 liter mjølk
1 dl soyaolje eller rapsolje
3-4 dl kveitemjøl
litt kanel
litt vaniljesukker
litt salt

Lat røra svelle i 20 minutt, og steik i panne med margarin eller olje. Flesket kan steikast etterpå, for å lokke folk til å komme til bords. Men mest truleg luskar dei rundt og ventar på at pannekakene skal bli ferdige... den lukta er uimotståeleg... Lukke til, men du kjem dessverre ikkje til å klare å lage dei like gode som dei liten fuglefar gjer.


Heldigvis blir rørte blåbær som regel godt uansett. Det er stort sett berre å plukke blåbær, ha i sukker og røre i veg og ete med det same.
  
Men kva er det best å ha på pannekakene? Nokon likar sukker, nokon berre blåbær, andre likar saltkjøtt, og nokon spesielt snodige i fuglefamilien likar å blande flesk med blåbærsyltetøy på pannekakene. Sett slikt...


Å, verda er vel ein herleg stad, når bær berre sprett fram frå busker og kratt og ein kan ete til ein blir blå!
Fugleungen et like fort som liten fugl plukkar, og det ho ikkje et, det heller ho ut med å snu bøtta på hovudet. Difor vart det ikkje dei heilt store syltetøymengdene i år. Vi kjem sterkare attende seinare, når fugleungen har lært seg korleis det skal gjerast. Ho er veldig flink til å organisere og omorganisere diverse, til dømes kjøkkenskuffer og platehyller, og berre det blir gjort når det trengs og ikkje berre organisering for organiseringa si skuld, då blir det orden her i reiret...