tirsdag 9. april 2013

Matsmikker

Kan det bli for mange smikker?

Denne varianten, direktekopiert frå ei kjøpesmikke fugleungen fekk i fødselsgåve, samlar opp maten når den dett ned, iallfall til ei viss grad.

Det er kjempelett å lage dette sjølv, og det er noko som verkeleg er nyttig...
Materialet er voksdukstoff, skråband og ein trykknapp eller ein borrelåsbit til lukking.

 
Eg klipper ut (nesten) ein oval, lagar opning til hals, klipper lommestykket like stort som bakstykket, syr på skråband på lommestykket og syr skråband rundt det heile for å lukke og låse det heile saman. Dra litt i skråbandet i svingane, så det sit fint, og hugs mange nåler!
Eg blir litt glad kvar gong eg lagar ei sånn smikke - det tek overraskande kort tid :)



3 kommentarer:

  1. Desse var kjempefine! Takk for super inspirasjon - eg vart så ivrig at eg i helga har kjøpt meg voksduk og skråband, og i dag skundar eg meg nokre timar før eg må på arbeid og hentar fram symaskina. Ei utfordring har no dukka opp hjå den ikkje fullt så røynde sydama - korleis får du skråbandet fint i innsvingen kring halsen? Berre å dra i bandet, greier du det utan ein einaste liten skrukkebrett?! Held du forresten kurs?? :-) Resultatet skal leggjast fram for domsavseiing så snart det er klart (nb - ikkje i dag!)

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, det går som regel greit utan svingeskrukker, men det er lurt med ikkje dei heilt tynnaste skråbanda. Dei er ganske elastiske, synest eg. Stiller opp med kurs når det måtte passe :)

      Slett
  2. Eg fekk det til utan skrukk! ;-) Men rakk ikkje verte heilt ferdig før eg måtte på jobb - og den kom eg ikkje heimatt frå før no... Sjuke sauer og skada hestar, då vert det seint på kveld. Det er elles ikkje så mykje utval i skråband her synest eg, kanskje eg må ta ein tur til ein velassortert sybutikk lengre nord i landet?

    SvarSlett