søndag 3. mars 2013

Endeleg gardiner!

Gardiner er vel ikkje det kjekkaste å sy, men det er berre fantastisk å endeleg vere ferdig! Det var ikkje det at det tok lang tid, men det har vore så mange andre og meir spennande ting å gjere først. Vi har levd med berre rulleblendingsgardiner på soverommet i sju månader. Men no er det andre takter!
Der fuglefamilien budde før, var det eit heller spesielt gardinval på soverommet. Det var inspirert av sjø og båtar, det var rett og slett bestefarfuglen si gamle presenning som han hadde over matvarene då han frakta dei frå fastlandet og ut til kolonialen han dreiv langt vest i hav. Så vart den altså gardin på soverommet vårt i det gamle reiret. Det vart bunde opp på ei rå med råbandsknop, som på ein åfjordsbåt. Slik kunne vi i ekte Hinkel-Pinkelstil segle inn i draumen...

På det gamle soverommet la vi eit staseleg eikegolv, det er kanskje litt snodig å legge så mykje i eit soveromsgolv, men du verda kor fint det var! Det var to ulike breidder som vart lagt vekselsvis, og det lurte faktisk neste kjøpar av leiligheiten til å tru at det var eit retteleg gamalt golv, og dei fortalde oss etterpå at dei hadde verkeleg forelska seg i staden då dei såg soveromsgolvet. Så det var kanskje ikkje så dumt likevel...

Det er ikkje heilt fastlagt kvar, men det blir slikt eikegolv her i det nye huset også etter kvart.



 

Men no sette vesle fugl og fugleungen seg på golvet i stova og laga gardiner. Fugleungen åt stort sett på målebandet og på maljene, tømte ut dropseska med nåler ut over alt og krølla saman gardinstoffet ved å krabbe over det. Vesle fugl gjorde sitt beste for å halde nåleeska trygg og strykejernet på avstand, men fugleungen skjønte snart at det var festleg å krabbe over leidningen til strykejernet, for då vart det så mykje oppstyr. Nåja, heldigvis søv småfuglar også, så då vart det betre tilhøve for saum.

Symaskina mi er så flink! Den kan ei rekke ting, og til skilnad frå den eg hadde før, syr eg no lett både framover og bakover, i sikksakk kvar gong eg forsøker, og kan skrive bokstavar og lage notar og krusedullar. Eg har til og med ein gardinoppleggshjelpar, som syns her på biletet. Den skruast fast i symaskina og måler ei viss avstand til nåla, slik at eg enkelt syr i rett avstand til bretten. Utan å ha visst om at slikt fantest, har eg sakna det...



Dersom nokon skulle lure på det: det er ikkje økonomisk eller praktisk fordelaktig å sy sine eigne gardiner. Ein kjem mykje betre utav det ved å kjøpe dei ferdig sydde. Synd, men sant. Slik er det dessverre med så mykje handarbeid, det er slett ikkje gunstig å strikke genser sjølv eller sy av kjøpt stoff. Men så har ein ikkje gleda av å sjå ting bli nett slik ein vil ha det, då...Gleda over godt handtverk er viktig.


Eg likar så godt dette sitatet frå shaker-rørsla sin filosofi: 


Ikkje lag noko dersom det ikkje både er naudsynt og nyttig; men dersom det er båe delar, ikkje nøl med å gjere det vakkert!


("Don't make something unless it is both necessary and useful; but if it is both necessary and useful, don't hesitate to make it beautiful.”)

Brukskunst er best!

Dette skåpet blir med i dag i tillegg. Det er det mest fargerike objektet vi eig. Det er eit kinesisk skåp til alt lintøyet og litt av julepynten. Det er god plass under til å leike gøyme-og-leite, og det ser så skeivt og gammalt ut at det passar utruleg godt inn her i reiret! Mange stader i andre etasje er det mest som å gå på eit skipsgolv, så mykje variabel helling er det... Huset har no vel sjarm!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar