søndag 24. mars 2013

Påskemord - Alle mine duer

No er det tid for mord!

Ikkje plag deg sjølv med å lese denne historia dersom du er ei sart sjel eller ein inderleg dyreven... Ver med dette advart mot ei opprivande forteljing.


Dette er ei forteljing om noko som hende for så lang tid sidan at fugleungen ikkje enno var fødd.
Det var ein kald marsdag, og dagen hadde faktisk namnet palmesøndag. Lufta låg og vippa mellom frost og mildvêr, og i dette mellomrommet vibrerte det noko illevarslande.

Ei lita duefrøken sat stilt og urørleg på mønet av eit hus, i ei gate med mange andre hus. Det var like mellom to måltid. Ho kurra med søvn i stemmen mot høgre og mot venstre, vinteren var ikkje hennar beste tid. Sommaren, derimot, med alle glade og gavmilde brødsmulekastarar, sjå, det var noko å tenke framover mot. Men så mykje lenger enn det, kom ho aldri. Brått kasta nokon seg over ho bakfrå, det var som å få ei klo i nakken, og det var vel faktisk det som også hendte. Verda vart vrengd ut og inn i eit fall frå mønet og ned til nysnøen på bakken. Her tomla dei vidare, den stygge, sterke som hadde kasta seg over henne, og ho, som kjende seg som ei due av stein, tung og stilleståande og lamslått. Men ho, stolt og sterk, kunne ikkje la seg lamslå slik! Ho måtte kjempe, kjempe! Bite frå seg med det butte nebbet sitt, og klore med dei lubne dueføtene sine, ho kjende det vekse inni seg - ikkje gje deg no, ikkje gje deg no! Ho såg mellom fykande fjør det blikket - det gule, skarpe og inderleg vondsinna blikket til sin eigen mordar.

Han var på leit, han var svolten. Vinteren var hard, og med all denne snøen vart ting vanskelegare. Dei han leita etter, trakk seg nærare Den Store Fienden og let seg nære av dei. Det var for risikabelt å komme for nær Dei Store. Men så måtte han. Han glei stilt og høgt over gatene, speida og freista å ikkje kaste for mykje skugge i dagslyset. Så såg han henne, sittande på det gråsvarte taket, litt lubben, grå, med hovudet på skakke, heilt uvitande om kva som venta henne. "For ei dum høne," tenkte han medan han sikta henne inn, "-du har ingen sjanse." Han kraup saman gjennom lufta og glei som ei lydlaus geværkule mot målet på mønet.
Ho gjorde motstand, meir enn han hadde forventa. Ho var stor, og han vart overraska over styrken i den runde kroppen. Ho måtte ikkje sleppe unna, det hadde skjedd før! Men ingen fuglar flyg avgarde utan venger - og der ! var det bestialske grepet teke. No sto ho vengeklipt og hjelpelaus i snøen medan blodet farga dødsleiet hennar. Snart sank ho saman i klørne hans medan ho stirra han hjelpelaust inn i augene.
Det var midt på dagen, det var tid for å lage til middagen. Eg stod i vindauget i leiligheiten og kikka ut på snøen. Kva var det? Det der midt på plenen? Eit eller anna rovdyr har landa på plenen, og åh, han har teke noko, det rører seg! Det ligg fjør over det heile, rovfuglen dreg av byttet sitt fjør, og uh, der bit han av vengene, ho rører seg framleis medan blodet brer seg utover snøen i raude flekkar. Mordaren stakk av med liket, berre fjør og blodspor låg att. Heldigvis hadde eg, som eit av få vitne til dette, biletprov i form av multiple dårlege fotografi teke gjennom syrinbusk, gjennom uvaska vindaugsglas, eller med zoom på maks fordi den mistenkte hadde flytta liket lengre bort.

Sanninga må ut! Saka må oppklarast! Mange spørsmål dukkar opp. Kven var eigentleg offeret? Var dei gamle kjenningar, eller var dette eit tilfeldig overfall? Kva med mordaren, er dette hans første ugjerning, eller har vi å gjere med ein seriemordar?

Offeret: Eg var lenge overtydd om at det var ei sjor som hadde bøtt med livet på plenen, men gjennomgang av biletprov viste meir grå enn svart fjørfarge, og ein skimtar ein lubben, gul duefot på eit av bileta. Sjoreteorien vart forkasta, igrunnen litt irriterande, ettersom eg liker duer mykje betre enn sjor.
Mordaren: Gjennom intensiv internettsøking er mordaren identifisert som ein spurvehauk, ein notorisk mordar som kan snike seg inn på freistande bytte sjølv midt i byar vinterstid. Det er heller mogleiken enn svolten som driv han til å freiste seg på store fuglar som duer, spurvar er meir hans storleik. Så ein må rekne offeret som eit tilfeldig bytte på feil stad til feil tid, og mordaren som ein skugge i fugleverda vi må leve med å frykte.

Mordaren er framleis på frifot!



Hauk og due

Ein gammal leik som er fin å bruke for oppvarming og uteleik, er hauk og due-leiken. Vi leika den på barneskulen, minnast eg. Det er heldigvis mindre dramatisk enn historia over.


Slik hender det heile:
Ein deltakar er i starten hauk, ein er duemor. Resten er dueungar. På ei side av området står duemor åleine, hauken står midt på plassen, dueungane står på motsett side av duemor.
Mor roper: Alle mine duer, kom hit!
Dueungane svarar: Nei, vi tør ikkje, hauken tek oss!
Duemor ropar: Kom likevel!
Dueungane spring over til mora, og prøvar å unngå å bli fanga. Hauken freistar å ta på så mange som mogleg. Dei som blir tatt på er fanga, blir haukar i neste runde, og skal fange sine tidlegare søsken.

torsdag 21. mars 2013

Tøykrokus

tøykrokus

Om våren let vente på seg ute, så får vi gjere det vi kan inne!

Ei gammal ørn kviskra meg i øyret om ein teknikk frå tidlegare tider, kanskje heilt tilbake til nittitalet, å lage tøyblomar av restestoff. Det gjekk i tulipanar og etter kvart krokus, og nokre av dei vart veldig søte og våraktige. Og desse blomane gjer ikkje freistnadar på å verke ekte, dei er berre søte som karrikaturteikningar.

Det var gøy då, og er framleis fint. Og det er alltid moro å finne attende til noko ein har gjort mykje av tidlegare. Den gongen såg blomane slik ut. Kanskje litt stussleg åleine, men i ein bukett i ein vase er dei skjønne!

Eg laga min replikasjon av krokusen av det eg fann i skoffer og skap, eg mangla den grøne, klissete og stramme teipen som blomsterbutikkane har, som gjer det heile ganske mykje lettare, men gir eit stramt og litt mørkegrønt uttrykk. Elles hadde eg stoff, ein liten kvist der eg tidlegare har brukt grillspyd-trepinnar, fryseteip, lintråd og silkeband som pynt og blad, der det før vart nytta stoff strøke dobbelt med strykelim mellom laga.

Klipp ein sirkel av ein fin stoffrest i ønska storleik, og legg ei lita bomullspute på vrangsida av kvar sirkel.
Legg ein stilkepinne midt i sirkelen, og brett til halvsirkel.
Brett inn ein tredjedel.
Brett inn tilsvarande frå den andre sida.
Snør saman nederst. Dersom du vil ha enno meir krokusform enn dette, velg ein større stoffdiameter, men samme vattering. Då vil krokusen bli lenger i bladet.
Samle saman enden og fest godt med ein sterk tråd. Vel ein god knute :)
Teip over tråden og den nederste delen av blomen. Bruk gjerne grøn blomsterteip, då treng du ikkje å dekke med silkeband, slik eg måtte her...
Stilken er dekka med silkeband, og ein liten strimmel med silkeband er sydd i kantane og midten slik at det liknar krokusblad.



Blomar steg for steg...

søndag 17. mars 2013

Vårsola varmar


 Det var litt vanskeleg å finne ut kva vi skulle gjere ute i solveggen. Sola var så skarp i augene på fugleungen, og det var kaldt å stikke fingrane i den kalde snøen. Så då tek vi eit påsketriks og set oss til å lese litt bøker i solveggen på sørsida, med solbriller og fullfaktorkrem. Fugleungen elskar bøker, og har lært seg å bla varsamt og fint sjølv på tynne sider i det siste. Då får ho bla i fleire bøker enn dei med tjukke kartongsider, og det er jo spesielt spennande. I det siste har det vore Fuglesang-boka, der alle fugleslaga står med lyd og det heile, men ho er også interessert i fagbøkene som liten fugl freistar å lese litt i i forkant av at ho skal starte på jobb om ikkje så lenge... Fugleungen peikar på ein mitose og vil at eg skal stadfeste at det er ein blomst. Vi kan jo sei det sånn foreløpig.

 Det er viktig å vere godt innpakka når det er kald vinter på veg mot varm vår. Ullpleddet som liten fugl starta å strikke på like før bryllupet, er godt og varmt, og fuglemannen legg det rundt hovudet på fugleungen for å lage eit retteleg lunt lite minireir i vogna.



Det er så gøy å gå, og gjerne ute, men fugleungen har ingen sko enno. Det er noko under produksjon, men det går litt sakte med det. Så i påvente av betre sko, får vi bruke det vi har, to regnvottar på beina. Det ser litt teit ut med tommelen, og det kan vere litt glatt i nedoverbakken, men stort sett er det berre kjempegøy. Fugleungen kikker stadig opp og gliser når vi går tur med solbriller og vottesko.

torsdag 14. mars 2013

Blomst!

Ny roserekord her i reiret, ein bukett kjøpt midt i februar vart først endeleg kasta ut nesten midt i mars, og dei var verkeleg fine nesten til det siste.

Fugleungen viste stor iver når det kom til blomar, og lærte raskt korleis ein stikk nasa ned i rosene og luktar medan ein lukkar augene og verkeleg nyt det. Eventuelt smakar på roseblada og lukkar augeloka for ikkje å få blada inn i augene. Ho skjønte kva som skulle skje då det kom framlegg om å skru på lyset på bordet over rosene, "sette lys på blomst", ho har lært seg dei viktigaste orda!

Men no er det altså slutt, etter knappe fire veker med vakre roser. No blir det kompost av det heile, og investering i neste avling blomar. Kanskje dei varar verkeleg lenge, desse rosene...

Meir om kompost-hobbyen ein annan gong!


onsdag 13. mars 2013

Alle fuglar små dei er




 
Dette kunne jo vore ei side for familieportrett på denne bloggen. Men det blir i staden eit innlegg om forbipasserande fuglar utanfor reiret. Det er så mykje fint å sjå av fuglefargar her omkring! Og enno er det berre vinter, for det streifet av vår vi hadde, har drukna i nysnø og kulde igjen. Då blir det berre å smøre seg med enno meir tolmod.

Kjøttmeis og blåmeis kan ein sjå konstant utanfor her. Dei er nok både svoltne og stadbundne, og ikkje minst mange.


Granmeis (eller er det løvmeis, enno ikkje sikker) kjem stadig forbi. Han er så utruleg liten og kjapp i rørslene at det er vanskeleg å få gode bilete av han, og å studere nøye om det verkeleg er ein granmeis (eller løvmeis). Det seiast at songen skil dei, så vi får prøve å høyre godt etter.

Spettmeisen som var så veldig hyppig innom før, ser vi aldri lenger etter at det vart veldig kaldt i januar. Han såg i grunnen alltid litt mistenkeleg ut med sitt skurkeaktige band framfor augene, så han sonar sikkert og slepp ut seinare ein gong...


Stjertmeisen er også stadig vekk utanfor, vanlegvis ein eller to. Men ein dag var det ein gjeng på 10 stykke som dekka bordet med meisebollar. Dei er så fine med snøballhovuda sine og den lange stjerten...

 


Sisik (kjend frå gjøk og sisik trost og stær) samlar seg i syrinbuska, både gråsisik (med den raude flekken i panna og av og til over heile brystet) og grønnsisik (som igrunnen er litt gul) er her kvar dag.


Og medan vi er i den gule gata, så har vi ein større variant av dei gule som kan tenkast at er gulspurv, men den karakteristiske songen (ein-to-tre-fir-fem-seks-sjuuu) har vi ikkje klart å høyre enno. Saka er under etterforskning.


Første gong dompapen var innom, etter berre å ha stirra på blåmeis og granmeis i lang tid, nesten slått i bakken av kor diger dompapen var. Det var nok ein kombinasjon av at han var litt oppblåst i kulda for betre isolasjon, og at eg var van med å sjå på dei bittesmå granmeisane... Så roleg og forstandig han verkar, mot dei vimsete og skvetne meisene! Trur kanskje ikkje eg hadde sett nokon dompap før vi flytta inn her i reiret, men det var eit velkome møte. No er det oftare at eg høyrer lyden enn at eg ser fuglane. Det er jo artig å kjenne dei att på lyden også!
Biletet er av dompaphoa, det er min favorittfugl for tida.


Etter at det vart hengt opp eple i ein krans, har det vore svarttrost innom fleire gonger dagleg. Det var verkeleg vrient å få teke bilete av han, med ein gong eg tok opp kameraet, letta han. Skulle nesten tru han hadde blitt skoten på med sterkare krutt enn det eg har i digitalkameraet mitt. Eg vil han slett ikkje vondt! Han syng fint og et opp gamle eple for meg. Dessutan held svarttrosten skjora (skjæra) vekke, og det likar vi. Ein gong vart ei skjor fanga inne på soverommet på den gamle hybelen min, fuglen var livredd og svart i blikket. Eg hugsar at eg lukka døra til soverommet og håpa det ikkje var sant, men det var det dessverre. Det vart litt av eit spetakkel og ikkje minst griseri! Ho kom seg heldigvis ut att på eiga hand, det hadde blitt litt av ei oppgåve å fange ho. Og etter det har lyden av skjoreskrik vore litt ubehageleg for ein liten fugl...


Kvar morgon er også ekorna, som vi har kalt Helnøtt og Fruktnøtt, innom og set seg gjerne inn i fuglehuset og kastar ut tomme solsikkeskal. Då får meisane seg ein støkk når dei skal hente seg eit frø!

Ein dag vart det liv i ekorngjengen - då kom ein tredje type sprintande forbi, vart tydelegvis forsøkt jaga av Helnøtt og Fruktnøtt, og det spelte seg ut eit drama i lynande fart - opp og ned og opp og så ned igjen i dei to store grantrea på nordsida. Hoi for nokre sprekingar! Etter det har det ikkje vore teikn til inntrengaren, som frå no blir kalla Smash. Det er visst slik at ekorn kan få to kull i året på opp mot fjorten ungar, så kanskje det blir mange ekorngjester her etter kvart?