mandag 18. februar 2013

Reiret i skogkanten

 


Eg vil gjerne kvitre litt om reiret vårt.

Familien liten fugl kjøpte eit hus i vår, og her vil vi gjerne bu lenge. Det er ei koseleg lita stove i skogkanten, som enn så lenge ligg innhylla i lette lauvtre om sommaren og omkransa av bjørkeris med rimfrost om vinteren. I eit vers på voggesongen til Fugleungen blir det sunge:


Rogn og selje, gran og bjørk,
skogen kan ver' stor og mørk.
Mange tre er godt å ha,
for då blir lufta bra.


 
Men huset treng oppussing. Jaudå, her er plass nok til at alle fuglar får plass, til og med eit par trekkfuglar kan vi plassere, men... Det skulle vore endra litt på badet, vi skulle hatt eit vaskerom, kanskje eit soverom til, og eit hobbyrom til saum og spikking... det er skeivt og skakt overalt, såpass at ein ikkje treng klinkekuler for å sjekke helling, ein kjenner sjøgangen når ein går over golvet. Fugleungen elskar å trille ball på golvet, aldri godt å vite kvar den tek vegen! Fuglepappa gler seg til å få retta opp det skakke og laga ting etter sin eigen standard, men det blir litt av ein jobb. Vi er gode til å tenke oss det ferdige, men spesielt er liten fugl veldig flink til å leve i den skakke kvardagen her i reiret, og ikkje late seg plage av stygt listarbeid og merkelege løysingar.
Ja, vi drøymer... Hagen skulle vore velhalden og gammal med frukttre og gamle roseslag. Men slikt må vi nok plante sjølve, og verne godt frå elg og rådyr. Det blir vel neppe bugnande tulipanbed utanfor, grannane fortel om mange års vonbrot med oppetne, dyrekjøpte laukblomar. Men rutete klokkeliljer (Fritillaria) skal dei visst ikkje vere så glade i, drøvtyggarane, så vi får sjå kven som ler til sist i vår!

Vi skulle hatt grønsakshage, bærbusker bugnande til hausten, frukttre tunge av eple, plommer og pærer, vi skulle hatt vrihassel og store syrinbusker, magnolia og pionar. Og alt dette må gjerast frå botnen, her er alt gammalt utdødd av manglande stell. Det er så stort eit prosjekt at ein kan bli heilt overvelda! Det er vel ikkje anna å gjere enn å ta eit tak om gongen, og det er både glede og otte i å ta dei første skritta...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar