mandag 25. februar 2013

På posten med pulk


Nokre dagar er det berre skispor som går ut frå huset i skogkanten, nye spor i ny snø frå det nye huset til nye skiløyper.
Fugleungen søv så veldig godt baki pulken, der ho voggast mjukt pakka i skinn og dun som om ho framleis var eit lite egg. Ho søv kanskje heilt til pulken stoppar igjen utanfor husdøra, timar etter at ho sovna. Det er som å vere på ein båt som slær mot bratte småbølgjetoppar eller glir glatt gjennom smul sjø, og dette dyssar fugleungen til lett å sovne om ho skulle vakne og glipe litt med augene på turen.

Liten fugl og fugleungen har på trilleturane sine lagt merke til at det er laga skiløype heilt ned til butikken og litt lenger, for folk som bur i Trøndelag er ofte interesserte i å gå mykje på ski. Og då det ein dag var fint skiføre, strålande sol OG ein pakke å hente på posten, slo dei tre vinterdorske fluger i ein smekk, og reiste på postkontoret med pulk. Det gjekk veldig fint og fort nedover gangstiane, litt tråare i tunnellen under den store vegen, og med grimaser over den skrapa og strødde parkeringsplassen, men det gjekk trass alt! Og med pakke ombord vart småfuglane så glade at dei tok ein liten runde i skiløypa også, og der var føret utmerka.
Men så kjem gjerne brøytebil og strøbil og øydelegg skiføret for oss og gir gåføre for alle andre. Då er det attende til rulling ned til posten igjen. Det er då heldigvis andre gleder å finne, til dømes i solveggen heime. Der er det lunt og godt på reinsskinn med fruktmospause og snøstudering. Det må jo sakte jobbast mot den dagen langt der framme då heile fuglefamilien skal sove på reinsskinn i snøhole om nokre år... Alle små steg i riktig retning...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar